laurdag 29. mai 2010

Endeleg innlevering – refleksjonsnotat

I dette refleksjonsnotatet vil eg gjere greie for korleis eg har arbeida med oppgåvene frå dei vart vurderte av faglærarane på studiet til innlevering av dei endelege produkta. Eg vil også ta med korleis eg har handtert tilbakemeldingane faglæraren har gitt på dei ulike arbeida mine. Dette notatet er i tillegg til det som har blitt levert inn til kvart arbeidskrav.

Innlevering 1 – Læringsobjekt/video
Både i tilbakemeldinga frå medstudent og frå faglærar vart det nemnt at det kunne vere lurt å legge til meir tekst i læringsobjektet. Dette synest eg var eit godt poeng og derfor har eg valt å legge til fleire mellomtitlar for å fokusere på viktige personar, hendingar og omgrep.

Den innspelte teksten er noko ”distansert” frå bileta og eg vart oppfordra til å spele meir på det ein ser i bileta. Eg gjorde eit forsøk på å skrive om manuset slik at det vart sterkare samspel mellom tekst og bilete, men eg opplevde at endringane gjorde filmen meir hektisk. For å få inn meir samspel måtte eg fjerne noko av innhaldet og det ønska eg ikkje. Skal filmen fungere som eit heilskapleg objekt om den franske revolusjonen bør den etter mitt syn minst femne om det den gjer i den opphavlege versjonen. Derfor har eg valt å behalde den innspelte teksten slik den var.

Innlevering 2 – Fronterprøve og Hot Potatoes-oppgåver
a) Fronterprøve
Denne innleveringa er uendra.

b) Hot Potatoes-oppgåver
Tilbakemeldingane på denne innleveringane ga ikkje så mykje tips om kva som kunne forbetrast i dei ulike oppgåvene. Eg fekk melding om at faglærar ikkje klarte å opne nokre av oppgåvene eg hadde levert. Eg har brukt ein del tid på å rette opp det tekniske, men kan ikkje seie at eg prosessen har vore så vellukka. Har hatt store problem med oppgåver som ikkje har vore pakka i zip-fil og dessutan med visninga av kommentarar og tekstar i oppgåvene.

Etter ein del dialog med faglærar på denne oppgåva sende eg filene til dei oppgåvene det hadde vore problem med på e-post i staden for å levere dei i Fronter. Eg la også frå meg feilen med visning av tekst utan å ha oppnådd noko forbetring.

Eg ser heilt klart nytteverdien av Hot Potaoes som eit verktøy for å lage ulike – og veldig spennande – læringsobjekt. På same tid har arbeidet med denne oppgåva gitt meg negative erfaringar med sjølve programmet og gitt meg ei oppleving av eit program som er nokså vanskeleg å få kontroll på.

Innlevering 3 – Artikkel i GeoAtlas
Artikkelen om jugendbyen Ålesund vart lang. Eit av krava i oppgåva var at eg skulle lage ei skisse til korleis artikkelen skulle brukast og då følte eg at den måtte femne godt om emnet og ha mange eksempel. Faglærar kjem i si tilbakemelding med forslag til korleis ein kan organisere innhaldet i artikkelen for å korte ned hovudartikkelen. Eg prøvde å ta vekk tekst og bilete om dei to husa frå sjølve artikkelen og heller lage pdf-vedlegg med dette stoffet. Mi vurdering var då at noko av heilskapen i artikkelen vart vekk og at samanhengen mellom innhaldet og det undervisningsopplegget som eg har skissert vart svekka. Dessutan synest eg at mediefilene vert presentert på ein betre måte i sjølve GeoAtlas-artikkelen enn i eit pdf-fil. Derfor har eg valt å ikkje endre på organiseringa av innhaldet i artikkelen.

Som eg skriv i det første refleksjonsnotatet er eg ikkje heilt fornøgd med lengda og tempoet på filmane. Eg har framleis ikkje funne nokon måte å kunne lage filmane slike eg vil og samstundes kunne laste dei opp i GeoAtlas. Faglærar stiller også spørsmål om ikkje videoane burde ha hatt lyd. Det er bevisst frå mi side at det ikkje er forklaringar på filmane. Eg har tenkt at eleven skal gå på jakt etter kjenneteikn og detaljar og hente inspirasjon til sitt eige arbeid. Etter arbeid med artikkelen bør dei kjenne til minst tre element dei skal sjå etter – blomster/plantar, groteskar og piskesnertar. Etter mitt syn bør denne prosessen vere så lite styrt som mogleg for at eleven sjølv skal kunne identifisere kjenneteikna i bileta.

Ingressen er formatert med feit skrifttype.

Innlevering 4 – Wikitekst og blogg
a) Wikitekst
Endra ei formulering etter innspel frå faglærar.

b) Blogg og lisensiering
Denne innleveringa er uendra.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar