laurdag 29. mai 2010

Innlevering 4 – wikitekst

Eg likte godt å arbeide med wikiverktøyet og det var stort sett greitt å formatere teksten slik eg ville. Når det gjeld innhald var det utfordrande å finne eit bilete til emnet metadata. Sjølv synest eg løysinga med å lage ei ordsky frå ITU sin tekst om dette var det som best støttar opp under innhaldet i wiki-teksten. Det var litt vanskeleg å få lenkene under bildet slik eg ville, men det også gjekk greitt til slutt. Å bruke diskusjonssida til å gi tilbakemeldingar til kvarandre tekstar var ein veldig fin ting.

Eg tok med meg innspelet om at lenka under biletet ikkje hadde fungert og retta på dette.

Skulen eg jobbar på har eigen wiki. Eg har ved eitt høve prøvd wiki som produkt i engelsk fordjuping. Mi erfaring med dette var ikkje udelt positiv. Elevane streva med å formatere tekstane, lenkene gjekk i alle retningar og det vart lite heilskap rundt gruppa sitt produkt. Årsakene til problema kan vere mange. Engelsk fordjuping er eit lite fag og elevane brukte forholdsvis mykje krefter på å formulere seg på engelsk. Av positive erfaringar vil eg nemne at elevane var svært engasjerte i planlegginga med å fordele oppgåver og hadde stor grad av samhandling i skriveprosessen.

Eg vil gjerne arbeide meir med wiki i skulen. For å auke sjansen til å lukkast trur eg det er viktig å fokusere på modelltekstar i oppstarten av arbeidet. Kva er sjangerkjenneteikna til ein wikitekst? Korleis skape ein god heilskap av tekstane som vert produsert? Dessutan trur eg det kan lette arbeidet dersom elevane skriv på norsk. Ein intensiv arbeidsperiode gjer også at elevane brukar mindre tid på å hugse korleis ein gjorde ting og kan i større grad fokusere på tekstproduksjonen.

Etter mitt syn bør wikiverktøyet brukast aktivt i norsk skule. Det er eit verktøy som gir muligheit for å bruke nye metodar til ”gamle oppgåver”. Styrken ligg i at det føregår ekte samarbeid om tekstskapinga. Dessutan er det svært fleksibelt med omsyn til tekstlengde, frå lange fordjupande tekstar i eit emne til kortare definisjonar, ordforklaringar med meir. Slik kan alle delta i arbeidet med wikiverktøyet ut frå sine føresetnadar som tekstskaparar. Det gir gode muligheiter til å arbeide breitt med eit emne og skape ein oversikt, samtidig som ein kan gå i djupna på enkeltemne. Denne kombinasjonen gjer det også til eit verktøy som opnar for tilpassing til elevane sine føresetnader. Eg vil også påstå at wikien er det sosiale mediet som ligg nærast dei tradisjonelle tekstformene som skulen brukar. Dette gjer det mindre skummelt for lærarane å ta verktøyet i bruk og gjer det også enklare å vurdere arbeida når dei er avslutta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar