laurdag 29. mai 2010

Endeleg innlevering – refleksjonsnotat

I dette refleksjonsnotatet vil eg gjere greie for korleis eg har arbeida med oppgåvene frå dei vart vurderte av faglærarane på studiet til innlevering av dei endelege produkta. Eg vil også ta med korleis eg har handtert tilbakemeldingane faglæraren har gitt på dei ulike arbeida mine. Dette notatet er i tillegg til det som har blitt levert inn til kvart arbeidskrav.

Innlevering 1 – Læringsobjekt/video
Både i tilbakemeldinga frå medstudent og frå faglærar vart det nemnt at det kunne vere lurt å legge til meir tekst i læringsobjektet. Dette synest eg var eit godt poeng og derfor har eg valt å legge til fleire mellomtitlar for å fokusere på viktige personar, hendingar og omgrep.

Den innspelte teksten er noko ”distansert” frå bileta og eg vart oppfordra til å spele meir på det ein ser i bileta. Eg gjorde eit forsøk på å skrive om manuset slik at det vart sterkare samspel mellom tekst og bilete, men eg opplevde at endringane gjorde filmen meir hektisk. For å få inn meir samspel måtte eg fjerne noko av innhaldet og det ønska eg ikkje. Skal filmen fungere som eit heilskapleg objekt om den franske revolusjonen bør den etter mitt syn minst femne om det den gjer i den opphavlege versjonen. Derfor har eg valt å behalde den innspelte teksten slik den var.

Innlevering 2 – Fronterprøve og Hot Potatoes-oppgåver
a) Fronterprøve
Denne innleveringa er uendra.

b) Hot Potatoes-oppgåver
Tilbakemeldingane på denne innleveringane ga ikkje så mykje tips om kva som kunne forbetrast i dei ulike oppgåvene. Eg fekk melding om at faglærar ikkje klarte å opne nokre av oppgåvene eg hadde levert. Eg har brukt ein del tid på å rette opp det tekniske, men kan ikkje seie at eg prosessen har vore så vellukka. Har hatt store problem med oppgåver som ikkje har vore pakka i zip-fil og dessutan med visninga av kommentarar og tekstar i oppgåvene.

Etter ein del dialog med faglærar på denne oppgåva sende eg filene til dei oppgåvene det hadde vore problem med på e-post i staden for å levere dei i Fronter. Eg la også frå meg feilen med visning av tekst utan å ha oppnådd noko forbetring.

Eg ser heilt klart nytteverdien av Hot Potaoes som eit verktøy for å lage ulike – og veldig spennande – læringsobjekt. På same tid har arbeidet med denne oppgåva gitt meg negative erfaringar med sjølve programmet og gitt meg ei oppleving av eit program som er nokså vanskeleg å få kontroll på.

Innlevering 3 – Artikkel i GeoAtlas
Artikkelen om jugendbyen Ålesund vart lang. Eit av krava i oppgåva var at eg skulle lage ei skisse til korleis artikkelen skulle brukast og då følte eg at den måtte femne godt om emnet og ha mange eksempel. Faglærar kjem i si tilbakemelding med forslag til korleis ein kan organisere innhaldet i artikkelen for å korte ned hovudartikkelen. Eg prøvde å ta vekk tekst og bilete om dei to husa frå sjølve artikkelen og heller lage pdf-vedlegg med dette stoffet. Mi vurdering var då at noko av heilskapen i artikkelen vart vekk og at samanhengen mellom innhaldet og det undervisningsopplegget som eg har skissert vart svekka. Dessutan synest eg at mediefilene vert presentert på ein betre måte i sjølve GeoAtlas-artikkelen enn i eit pdf-fil. Derfor har eg valt å ikkje endre på organiseringa av innhaldet i artikkelen.

Som eg skriv i det første refleksjonsnotatet er eg ikkje heilt fornøgd med lengda og tempoet på filmane. Eg har framleis ikkje funne nokon måte å kunne lage filmane slike eg vil og samstundes kunne laste dei opp i GeoAtlas. Faglærar stiller også spørsmål om ikkje videoane burde ha hatt lyd. Det er bevisst frå mi side at det ikkje er forklaringar på filmane. Eg har tenkt at eleven skal gå på jakt etter kjenneteikn og detaljar og hente inspirasjon til sitt eige arbeid. Etter arbeid med artikkelen bør dei kjenne til minst tre element dei skal sjå etter – blomster/plantar, groteskar og piskesnertar. Etter mitt syn bør denne prosessen vere så lite styrt som mogleg for at eleven sjølv skal kunne identifisere kjenneteikna i bileta.

Ingressen er formatert med feit skrifttype.

Innlevering 4 – Wikitekst og blogg
a) Wikitekst
Endra ei formulering etter innspel frå faglærar.

b) Blogg og lisensiering
Denne innleveringa er uendra.

Innlevering 4 – wikitekst

Eg likte godt å arbeide med wikiverktøyet og det var stort sett greitt å formatere teksten slik eg ville. Når det gjeld innhald var det utfordrande å finne eit bilete til emnet metadata. Sjølv synest eg løysinga med å lage ei ordsky frå ITU sin tekst om dette var det som best støttar opp under innhaldet i wiki-teksten. Det var litt vanskeleg å få lenkene under bildet slik eg ville, men det også gjekk greitt til slutt. Å bruke diskusjonssida til å gi tilbakemeldingar til kvarandre tekstar var ein veldig fin ting.

Eg tok med meg innspelet om at lenka under biletet ikkje hadde fungert og retta på dette.

Skulen eg jobbar på har eigen wiki. Eg har ved eitt høve prøvd wiki som produkt i engelsk fordjuping. Mi erfaring med dette var ikkje udelt positiv. Elevane streva med å formatere tekstane, lenkene gjekk i alle retningar og det vart lite heilskap rundt gruppa sitt produkt. Årsakene til problema kan vere mange. Engelsk fordjuping er eit lite fag og elevane brukte forholdsvis mykje krefter på å formulere seg på engelsk. Av positive erfaringar vil eg nemne at elevane var svært engasjerte i planlegginga med å fordele oppgåver og hadde stor grad av samhandling i skriveprosessen.

Eg vil gjerne arbeide meir med wiki i skulen. For å auke sjansen til å lukkast trur eg det er viktig å fokusere på modelltekstar i oppstarten av arbeidet. Kva er sjangerkjenneteikna til ein wikitekst? Korleis skape ein god heilskap av tekstane som vert produsert? Dessutan trur eg det kan lette arbeidet dersom elevane skriv på norsk. Ein intensiv arbeidsperiode gjer også at elevane brukar mindre tid på å hugse korleis ein gjorde ting og kan i større grad fokusere på tekstproduksjonen.

Etter mitt syn bør wikiverktøyet brukast aktivt i norsk skule. Det er eit verktøy som gir muligheit for å bruke nye metodar til ”gamle oppgåver”. Styrken ligg i at det føregår ekte samarbeid om tekstskapinga. Dessutan er det svært fleksibelt med omsyn til tekstlengde, frå lange fordjupande tekstar i eit emne til kortare definisjonar, ordforklaringar med meir. Slik kan alle delta i arbeidet med wikiverktøyet ut frå sine føresetnadar som tekstskaparar. Det gir gode muligheiter til å arbeide breitt med eit emne og skape ein oversikt, samtidig som ein kan gå i djupna på enkeltemne. Denne kombinasjonen gjer det også til eit verktøy som opnar for tilpassing til elevane sine føresetnader. Eg vil også påstå at wikien er det sosiale mediet som ligg nærast dei tradisjonelle tekstformene som skulen brukar. Dette gjer det mindre skummelt for lærarane å ta verktøyet i bruk og gjer det også enklare å vurdere arbeida når dei er avslutta.

laurdag 1. mai 2010

Innlevering 4 - Creative Commons



Creative Commons er ein organisasjon som vart starta i 2001. Organisasjonen har som mål å legge til rette for deling og samarbeid på nettet, samtidig som dei vil ta vare på opphavsretten. Som namnet til organisasjonen viser vil dei arbeide for eit kreativt fellesskap eller ein kreativ allmenning.

Creative Commons har skapt ein lisens som er eit meir nyansert alternativ til å merke eit produkt med Copyright © . Når noko er merka med Copyright © vil det seie at den som har skapt produktet har alle rettar. Det er ikkje i tråd med tanken om deling av ressursar og draumen om "den digitale allmenningen".

Creative Commons - lisensar
Alle lisensane til CC krev at den som brukar materiale frå ein lisensiert ressurs viser til namnet på den som har skapt materialet. I tillegg kan skaparen regulere om materialet kan omarbeidast, brukast i kommersiell verksemd eller delast vidare på same vilkår. Til saman kan desse kombinerast i seks ulike lisenstypar som vernar produkt i ulike grad.

Det er lett å gi ressursar du har laga ein CC-lisens. Gå inn på Creative Commons si nettside og gjennomfør lisensveljaren. Slik kan du merke bloggar, bilete og andre læringsressursar.

Etter mitt syn er CC-lisensane eit viktig bidrag til "den digitale allmenningen". Den er med på å bygge ein kultur for deling på Internett, samtidig som den sikrar opphavsmannen sine rettar. Samtidig gjer lisensiering det lettare for brukarane av Internett å opptre lovlydig og det bidreg til auka medvit om opphavsrett.

Kjelde: http://creativecommons.org, 01.05.10