fredag 19. september 2014

Om samskriving som digital literacy

Samfunnet vårt blir i stadig større grad digitalisert. Funksjonar som før vart utførte av menneske, har blitt erstatta av digitale tenester, t.d. banktenester. Informasjon og kunnskap som før var tilgjengeleg berre for nokre få, ligg no opent for alle, eller i det minste alle som har tilgang til Internett. Dette medfører at digitale ferdigheiter er avgjerande for å kunne ha ein funksjonell kvardag.

Kva er så digitale ferdigheiter? Eller digital kompetanse? Kva er digital literacy? Forståinga av og innhaldet i dette er i stadig endring, slik teknologiane og samfunnet også endrar seg. I læreplanverket har formuleringa blitt endra frå «å kunne bruke digitale verktøy» til «digitale ferdigheiter», nettopp for å synleggjere at det handlar om noko meir enn å meistre ulike verktøy. Verktøytenkinga har blitt erstatta av fokus på ferdigheiter og kompetanse, omgrep som i større grad har innslag av kritisk vurdering og refleksjon. I seinare tid blir omgrepet «literacy» brukt i stadig større grad. Literacy er eit omgrep som ikkje har fått nokon dekkande omsetjing til norsk. Literacy handlar om lesing og leseforståing. Samtidig er det fokus på lesaren sin tekstkompetanse og samhandling med teksten. Tekstkompetanse blir definert som «kyndighet i å lese, skrive, forstå, tolke komponere, strukturere og formidle alle former for tekster».
Digitale medium har ført til ei endring av kva vi oppfattar som ein «tekst». Uttrykksformer som bilde, lyd, film og verbaltekst flyt også meir saman takka vere data- og mobilteknologien. Denne utviskinga av grenser mellom uttrykksformene vert kalla mediekonvergens. På same tid som skilja mellom dei ulike media vert utviska, vert det også mindre skilje mellom det å vere konsument og det å vere produsent av slike medieuttrykk.

Denne forståinga av tekst og tekstkompetanse – i lag med kunnskap om medie- og rollekonvergens – legg grunnlaget for å forstå omgrepet «digital literacy». Digital literacy har ein teknisk dimensjon der ein må kunne bruke digitale tenester som reiskap for eit avgrensa formål og ein meiningsdimensjon som også omfattar evne til å vurdere informasjonen kritisk og evne til å gjere seg nytte av ressursane i eiga læring og utvikling.
Synet på læring og organisering av læring utviklar seg ikkje i same tempo som teknologien. Korleis skal skulen legge til rette for læring i det digitale nettsamfunnet?  Korleis påverkar den nye teknologien måten vi lærer på? Samhandling er ein av nøklane til å lykkast med å organisere læring i det digitale nettsamfunnet og samskriving ein god måte å legge til rette for å utnytte teknologien til samhandling i læringa.

Kva er samskriving?

Samskriving er at fleire skaper ein felles tekst. Denne tekstskapinga kan skje samtidig (synkront) eller ikkje-samtidig (asynkront). Deltakarane skal produsere ein felles tekst, ikkje berre stille saman individuelle bidrag. Samskriving gir samarbeid mellom elevar som «likemenn», slik «peer learning» har vist seg å ha god effekt på læring.

Internett har blitt ein plattform for kommunikasjon, samhandling og publisering. Ser ein på typiske literacy events eller teksthendingar utanfor skulen er desse i stor grad prega av samhandling og dialog. Teknologien gjer nye mediepraksisar mogleg, slik den alltid har gjort.
Elevane har med seg literacy-praksisen frå fritidskulturen inn i skulen, og denne praksisen har i stor grad underhaldning og sosial samhandling som mål. Samskriving er etter mitt syn ei slik kopling mellom literacypraksisen i fritidskulturen og læring gjennom IKT.

Henta frå eksamensoppgåva mi om samskriving, skriven i samband med studiet "Lese for å lære - leseopplæring på ungdomstrinnet", våren 2014. Du kan finne heile oppgåva her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar