Kva
er så digitale ferdigheiter? Eller digital kompetanse? Kva er digital literacy?
Forståinga av og innhaldet i dette er i stadig endring, slik teknologiane og
samfunnet også endrar seg. I læreplanverket har formuleringa blitt endra frå «å
kunne bruke digitale verktøy» til «digitale ferdigheiter», nettopp for å
synleggjere at det handlar om noko meir enn å meistre ulike verktøy. Verktøytenkinga
har blitt erstatta av fokus på ferdigheiter og kompetanse, omgrep som i større
grad har innslag av kritisk vurdering og refleksjon. I seinare tid blir
omgrepet «literacy» brukt i stadig større grad. Literacy er eit omgrep som
ikkje har fått nokon dekkande omsetjing til norsk. Literacy handlar om lesing
og leseforståing. Samtidig er det fokus på lesaren sin tekstkompetanse og
samhandling med teksten. Tekstkompetanse blir definert som «kyndighet i å lese,
skrive, forstå, tolke komponere, strukturere og formidle alle former for
tekster».
Digitale
medium har ført til ei endring av kva vi oppfattar som ein «tekst». Uttrykksformer
som bilde, lyd, film og verbaltekst flyt også meir saman takka vere data- og
mobilteknologien. Denne utviskinga av grenser mellom uttrykksformene vert kalla
mediekonvergens. På same tid som skilja mellom dei ulike media vert utviska,
vert det også mindre skilje mellom det å vere konsument og det å vere produsent
av slike medieuttrykk.
Denne
forståinga av tekst og tekstkompetanse – i lag med kunnskap om medie- og
rollekonvergens – legg grunnlaget for å forstå omgrepet «digital literacy».
Digital literacy har ein teknisk dimensjon der ein må kunne bruke digitale tenester
som reiskap for eit avgrensa formål og ein meiningsdimensjon som også omfattar
evne til å vurdere informasjonen kritisk og evne til å gjere seg nytte av
ressursane i eiga læring og utvikling.
Synet
på læring og organisering av læring utviklar seg ikkje i same tempo som teknologien.
Korleis skal skulen legge til rette for læring i det digitale
nettsamfunnet? Korleis påverkar den nye
teknologien måten vi lærer på? Samhandling er ein av nøklane til å lykkast med
å organisere læring i det digitale nettsamfunnet og samskriving ein god måte å legge
til rette for å utnytte teknologien til samhandling i læringa.
Kva
er samskriving?
Samskriving
er at fleire skaper ein felles tekst. Denne tekstskapinga kan skje samtidig
(synkront) eller ikkje-samtidig (asynkront). Deltakarane skal produsere ein
felles tekst, ikkje berre stille saman individuelle bidrag. Samskriving gir
samarbeid mellom elevar som «likemenn», slik «peer learning» har vist seg å ha
god effekt på læring.
Internett
har blitt ein plattform for kommunikasjon, samhandling og publisering. Ser ein
på typiske literacy events eller teksthendingar utanfor skulen er desse i stor
grad prega av samhandling og dialog. Teknologien gjer nye mediepraksisar
mogleg, slik den alltid har gjort.
Elevane
har med seg literacy-praksisen frå fritidskulturen inn i skulen, og denne
praksisen har i stor grad underhaldning og sosial samhandling som mål. Samskriving
er etter mitt syn ei slik kopling mellom literacypraksisen i fritidskulturen og
læring gjennom IKT. Henta frå eksamensoppgåva mi om samskriving, skriven i samband med studiet "Lese for å lære - leseopplæring på ungdomstrinnet", våren 2014. Du kan finne heile oppgåva her.