søndag 31. januar 2010

Skippertaksmetoden

Med full jobb, to ungar og husbyggeplanar er det skippertaksmetoden som fungerer best.. I dag skulle vere eit slikt skippertak - men nei... Husbonden og ungane var ute av huset, oppgåveformuleringa låg klar på bordet og eg trudde eg hadde ein god ide til eit læringsobjekt - men nei... Det var ikkje så enkelt å komme i gang!

Første ideen gjekk på å lage noko på Europageografi, men innspelingsfunksjonen på Google Earth virkar berre på Pro-versjonen og Jing laga hakkete filmar.

Andre ideen var å lage noko på ein forfattar. Ibsen? Astrid Lindgren? Amalie Skram? Men då vert det så omfattande at ein video på 3 minutt ikkje strekk til... Kunne sjølvsagt lage eit meir samansett læringsobjekt, men korleis? Webside?

Tredje ideen kom ikkje, før det hadde gått ei lang stund. Men no er eg i gang igjen med den franske revolusjonen som tema denne gongen. Har brukt resten av ettermiddagen og kvelden til å samle ulike kunstbilete som skal vere grunnlaget, så får vi sjå kva vi får til - ved neste skippertak...

1 kommentar:

  1. Nei, det skal ikkje vere lett. Her vert det også eit skippertak neste veke. Denne veka er det andre oppgåver som må prioriterast. Har nokre idear, men vi får sjå kva det vert av dei.

    Eg gler meg til å sjå sluttresultatet ditt! Blir nok bra til slutt :)

    SvarSlett