søndag 31. januar 2010

Skippertaksmetoden

Med full jobb, to ungar og husbyggeplanar er det skippertaksmetoden som fungerer best.. I dag skulle vere eit slikt skippertak - men nei... Husbonden og ungane var ute av huset, oppgåveformuleringa låg klar på bordet og eg trudde eg hadde ein god ide til eit læringsobjekt - men nei... Det var ikkje så enkelt å komme i gang!

Første ideen gjekk på å lage noko på Europageografi, men innspelingsfunksjonen på Google Earth virkar berre på Pro-versjonen og Jing laga hakkete filmar.

Andre ideen var å lage noko på ein forfattar. Ibsen? Astrid Lindgren? Amalie Skram? Men då vert det så omfattande at ein video på 3 minutt ikkje strekk til... Kunne sjølvsagt lage eit meir samansett læringsobjekt, men korleis? Webside?

Tredje ideen kom ikkje, før det hadde gått ei lang stund. Men no er eg i gang igjen med den franske revolusjonen som tema denne gongen. Har brukt resten av ettermiddagen og kvelden til å samle ulike kunstbilete som skal vere grunnlaget, så får vi sjå kva vi får til - ved neste skippertak...

tysdag 19. januar 2010

Eg - ein bloggar?

Etter å i lengre tid ha uttalt meg svært kritisk om behovet for å dele smått og enda mindre med alle og ein kvar på nettet er eg sjølv blitt ein bloggar..
Så kjem det store spørsmålet - kva vil EG dele med verda? Har ikkje svaret klart for meg enda, men set mi lit til at skodda vil lette etter kvart...