fredag 23. april 2010

Innlevering 3 – Artikkel i GeoAtlas

Eg valde ”Jugendbyen Ålesund” som emne for innleveringa mi i GeoAtlas. Som innbyggjar i denne vakre byen er det eit emne eg lenge har hatt lyst til å lære meir om. Etter mitt syn er GeoAtlas eit glitrande verktøy for ein slik artikkel, spesielt fordi det er lett å legge ut lyd, bilde, video og filvedlegg.

Det var ikkje så mykje eg kunne om dette emnet før eg starta, men gjennom arbeidet med oppgåva har eg lært mykje og ser på byen med nye auge. Eg starta arbeidet med å intervjue ein kollega på skulen som kan mykje om emnet. Vegen vidare gjekk til Jugendstilsenteret der eg fekk svært god hjelp. Etter å ha møtt kuratoren på senteret gjekk eg ein tur i byen med kamera og tok bilete av hus eg har sett på i meir enn 10 år, utan å ha ”sett” dei før.

Arbeidet med å legge stoffet inn GeoAtlas har gått greitt. Det er eit verktøy som er relativt lett å ta i bruk. Eg hadde venta at eg måtte ta val i samband med skrifttype, skriftstorleik osb i og med at dette var så sterkt vektlagt i oppgåveteksten. Slik sett var det ei positiv overrasking at dette var fastsett på førehand.

Kravet om at det skulle vere med video til artikkelen har eg løyst med å lage to bildespel med detaljar frå interiør og ulike vindauge ein finn i Ålesund. Eg laga filmane i Photostory, men fekk problem med å laste opp filene. Eg fann ikkje heilt ut kva som var gale, men etter å ha kutta filmane til 30 sekund fekk eg lasta dei opp. Eg synest sjølv at filmane er litt for korte og har litt for raske rørsler, men det var slik eg fekk dei inn i artikkelen.

Når det gjeld korleis eg ser for meg at artikkelen vert brukt har eg heile tida tenkt at sluttproduktet måtte vere eit vindauge i jugendstil, laga i leire. Eg har lagt vekt på at artikkelen skal ha mykje bilete av ornamentikk som inspirasjon for elevane sitt arbeid.

Arbeidet med denne oppgåva har vore utruleg lærerikt, både når det gjeld verktøyet og sjølve emnet. Eg kjem heilt sikkert til å bruke GeoAtlas meir i framtida, både der eg lagar mine eigne artiklar men kanskje helst der elevane publiserer sine eigne produkt i dette verktøyet.