søndag 14. mars 2010

Innlevering 2 - Fronterprøve og nettoppgåver i HotPotatoes

Oppgåve a - Fronterprøve

Eg har valt første og andre verdskrig som emne for prøva eg har laga i Fronter. Historieforståing krev evne til refleksjon og vurdering. I og med at eitt av krava til oppgåva var at spørsmåla skal dekke alle nivåa i Bloom sin taksonomi fann eg det naturleg å velje eit historisk emne.

Blooms taksonomi
Som lærar har eg jobba mykje med Blooms taksonomi, både i samband med planlegging og vurdering. Skulen eg jobbar på har brukt denne inndelinga som utgangspunkt for ein kunnskapspyramide som er "ryggrada" i arbeidet vårt med vurdering og framovermeldingar.

Likevel synest eg denne oppgåva der ein skal nå toppen av Blooms med fleirvalgsspørsmål, har vore svært vanskeleg.

Sjølv meiner eg at eg har fått inn element av analyse, syntese og vurdering i spørsmåla utan at eg er i stand til å plassere det og det spørsmålet på det og det trinnet i Blooms.


Spørsmål 1.1-1.2: Alliansar i Europa
Her har eg brukt avkryssingsboksar som spørsmålstype. Kvart rett svar gir 0,5 poeng og ein må ha alle rett for å få poeng. Spørsmålet ligg lågt i taksonomien.

Spørsmål 1.3: Russiske revolusjonen, årsakar
Til denne oppgåva passa det å bruke spørsmålstypen matrise. Denne oppgåva er etter mitt syn den som ligg på høgaste kognitive nivå. Her må ein analysere dei ulike stikkorda og vurdere skilnaden mellom utløysande og grunnleggande årsaker. Kvart rett svar gir 1 poeng.

Spørsmål 1.4: Fredsoppgjeret i Versailles
Her må eleven også klatre høgt i taksonomien for å vurdere kva som hadde størst verknad på det som skjedde vidare i historia. Det er brukt avkryssingsboksar som spørsmålstype for at eleven skal kunne velje ut dei to viktigaste elementa. Kvart rett svar gir 2 poeng.

Spørsmål 2.1-2.3: Kven skal ut?
Desse tre spørsmåla krev at elevane har god faktakunnskap om andre verdskrig men også evne til å relatere ulike fenomen og sjå likskapar og ulikskapar. Eg har valgt radioknappar som spørsmålstype og kvart rett svar gir 1 poeng.

Spørsmål 2.4-2.6: Fakta eller påstand?
Her må eleven vurdere kor gyldig eit utsagn er. Er dette eit faktum eller er det ein påstand? Eg har valgt spørsmåltypen nedtrekksfelt. Rett svar gir 1 poeng.

Arbeid med oppgåva
Eg har ikkje støtt på store tekniske utfordringar i arbeidet med denne oppgåva. I Del&Bruk si gruppe "Tips og triks i Fronter" fann eg ut korleis eg skulle slette spørsmål eg ikkje ville bruke. Eg har jobba ein del med Fronter tidlegare, men har ikkje nokon erfaring med fleirvalgsprøver. Har vel eigentleg aldri hatt den store sansen for denne typen prøver, fordi eg har opplevd at ein kjem til kort når det gjeld refleksjon osv. Eg innser at det kjem an på den som formulerer oppgåvene, men held framleis ein knapp på dei opne oppgåvene for å få fram eleven sine refleksjonar rundt eit emne.


Oppgåve b - HotPotatoes

Eg har valgt å lage nokre oppgåver til temaet dialektar og nokre til den franske revolusjonen. HotPotatoes har veldig mange morosame funksjonar og kan lage mange ulike typar oppgåver.

Til oppgåvene om dialektar har eg lagt ved ulike lydfiler som lytteeksempel der elevane skal finne ulike dialektkjenneteikn og plassere i rett målområde med dra-og-slepp. Til oppgåvene om den franske revolusjonen har eg gjenbrukt bileta eg brukte og filmen eg laga i forrige arbeidskrav.

Eg har brukt JCloze til å lage innfyllingsoppgåver, JMatch til å lage dra-og-slepp oppgåver og JQuiz til å lage kortsvarsoppgåver med avkryssing eller nedtrekksfelt. Eg lagde også nokre ordpuslespel av setningar med JMix.

Arbeid med oppgåva
Det var mange ting å halde styr på i HotPotatoes, spesielt dette med innstillingar for utkome. Opplevde at eg måtte ta igjen innstillingane på mange av oppgåvene fordi tekstane ikkje var slik eg ville. Fekk også eit problem eg enno ikkje har løyst, nemleg at ein del av tekstane ikkje vises i html-dokumentet. Teksten er berre synleg dersom ein markerer den. Har testa i ulike nettlesarar, men får same feilen. Eg har også kontrollert at ikkje skriftfargen er lik bakgrunnsfargen.

Å sette inn lyd, bilete og video til oppgåvene gjekk også greitt. Eg er spesielt fornøgd med funksjonen lydfilene har til oppgåva. Bilete og video spelar ei mindre rolle for oppgåvene dei er knytta til.

Konklusjon
Dette har vore ei vanskeleg oppgåve, spesielt første delen med Fronterprøva som skulle dekke alle nivåa i Blooms taksonomi. Eg har lært mykje om spørsmålsformulering og er interessert i å jobbe meir med dette emnet.

HotPotatoes gir ein lærar mange muligheitar til å lett kunne lage varierte oppgåver. Synest kanskje ikkje utsjånaden på sluttproduktet er så tiltalande samanlikna med det "proffe" nettstader kan vise til. Men det at oppgåvene er skreddarsydde av den læraren som underviser eit emne for dei elevane som skal lære stoffet kompenserer etter mitt syn for litt haltande design.