onsdag 10. februar 2010

Innlevering 1 – Læringsobjekt om den franske revolusjonen

Prosess
Eg hadde tenkt å lage eit læringsobjekt som tok føre seg geografien i Europa, elvar, fjell og innsjøar og så vidare. Men etter kvart som arbeidet tok til vart dette endra til ein video om den franske revolusjonen. Eg fekk innspel og idear frå kollegar på skulen på ulike emne eg kunne lage læringsobjekt av. Desse innspela var svært nyttig, dessutan vart det ekstra motiverande å lage noko som har ei reell mållgruppe.

Videoen ville eg lage ut frå kunstbilete frå dei historiske hendingane. På Wikipedia Commons fann eg alle bileta eg brukte i filmen. Det er tillate å bruke desse fordi opphavsretten til bilda er forelda, jmf Wikipedia.

Eg tok utgangspunkt i bileta for å fortelje historia mi. Den første dreieboka hadde 18 bilete, noko eg fort forstod var for mange. Då eg starta å skrive manus til bileta vart det tydeleg at filmen kom til å verte alt for lang med så mange bilete. Eg starta på nytt og brukte denne gongen omtrent halvparten av bileta.

Det viste seg også at kommentarane til kvart bilete var for lange, så manuset måtte også kortast ned. Eg opplevde at det var vanskeleg å kutte ned på manuset utan å overforenkle innhaldet. På same tid kan læringsobjektet verte statisk og kjedeleg dersom kvart bilete vert ståande for lenge. I og med at bileta er kunstbilete med stor detaljrikdom toler dei å verte vist noko lenger enn om uttrykket hadde vore enklare.

Eg møtte ikkje på tekniske problem i arbeidet med dette læringsobjektet. Det gjekk fint å setje inn bileta i Movie Maker og å spele inn lydkommentarar til bileta. Arbeidet tok ein del meir tid enn eg hadde føresett.

Produkt
Dette læringsobjektet kan auke motivasjonen for arbeid med emnet. Det er visuelt, og lett å ta inn. Sjølve objektet inneheld ikkje element av premiering.

Eleven arbeider ikkje interaktivt med læringsobjektet. Han er mottakar av informasjon gjennom lyd og bilete og kan ikkje påverke tempo eller utviklinga i forteljinga. Einaste muligheita for individuell tilpassing av læremiddelet er om eleven vel å spele det av fleire gonger.

Styrken til læringsobjektet er at det er visuelt. Forteljinga er knytt til autentiske kunstbilete av dei historiske hendingane og dette gjer at det kan verte lettare for eleven å henge kunnskapen på dei rette knaggane. Eleven kan lett sjå for seg dei ulike hendingane og slik kan det vere lettare å hugse fakta rundt hendingane.

Læringsobjektet er konkret og viser personar, stader, klede og bygningar slik dei var på den aktuelle tida.

Mi vurdering som lærar er at dette objektet kan brukast i undervisninga av dette emnet. Det kan brukast som ein igangsetjar eller for elevane som ein kort repetisjon. Emnet vert undervist med jamne mellomrom og læringsobjektet kan brukast fleire gonger. Det kan ikkje stå åleine, men bør vere ein del av ein større heilskap.

Undervegs i arbeidet hadde eg lyst til å lage denne større heilskapen. Eg ville setje filmen saman med temaoppgåver i emnet og gjerne samle lenker til andre nettressursar. Denne ideen stranda på at eg ikkje hadde tilgang til verktøy å lage den større samanhengen i. Eg kunne ha brukt læringsplattforma til skulen eg jobbar på (Microsoft Learning Gateway) og laga ei side med tekst, oppgåver, filmen og ei lenkesamling. Denne plattforma er lukka for andre enn elevar og tilsette ved skulen, så då kunne eg ikkje gjere ressursen tilgjengeleg for vurdering. Eg såg på eksempla vi fekk på samlinga, t.d. Geoatlas, men fann ikkje ut korleis eg kunne lage noko liknande.

Slik eg ser det ville nytteverdien og læringsutbyttet auke dersom det vart sett inn i ein større samanheng.

Alt i alt er eg fornøgd med sluttresultatet. Eg synest eg har fått fortalt om ei viktig historisk hending på ein måte som er visuell og konkret. Sjølve produksjonen er enkel, med lite tekst og lite bruk av andre verkemiddel enn bilde og kommentar.

At grunnlaget i filmen er bilete som er skapt av meir eller mindre kjende kunstnarar gir ein ekstra dimensjon til læringa. Her møter eleven eksempel frå ein viktig periode i kunsthistoria og læringsobjektet stettar mål i generell del av læreplanen om det allmenndanna mennesket og kjennskap til kulturarv.

Oppsummering
Arbeidet med denne oppgåva har vore svært kjekt og lærerikt. Eg har no lært ein metode for å lage mine eigne læremiddel. Dette er ein metode elevane også gjerne kan bruke for å dokumentere oppnådd kompetanse i arbeid med ulike emne. Etter mitt syn vil læringsutbyttet vere enda større for produsenten av eit slikt objekt.

Eg skulle gjerne ha fått laga ein større samanheng å setje denne filmen inn i. Det kan tenkjast at eg gjer nettopp det før den skal brukast i klasse neste gong.